Brev, e post og faks frå Granvin herad skal sendast som offentleg dokument og innehalde logo, arkivkode og journalnummer og øvrige kjenneteikn. Dokument som er unntatt offentleg innsyn skal ikkje sendast som e-post utan at dei er kryptert. All post skal journalførast i WebSak eller fagsystem. Utgåande post vert sendt frå heradet gjennom ulike kanalar og på ulike medium. Av kanalar kan me nemna:
- Fysiske brev
- faks
- e-post
- lenker til eksterne system
- søknadsportalar i andre system
- m.m
Etter arkivforskrifta § 2-6 første ledd er det journalføringsplikt for alle inngåande og utgåande dokument som etter offentlegheitslova må reknast som saksdokument for organet, dersom dei har gjenstand for sakshandsaming og har verdi som dokumentasjon. Rutinar for utgåande post i Granvin herad:
|
|